STIMULERINGSSAMLINGA hausten 2011
blir arrangert på Fosshaugane CAMPUS , Sogndal
laurdag 15. oktober.
Vi følgjer opp tidlegare samlingar og tilbyr ny fagsamling der kan du m.a. kan møte
Ingvill Måkestad Bowim ein av dei mest profilerte friidrettsutøvarane for tida, norsk rekordhaldar på 800m (1.59,82 2010) og Diamond Leage-deltakar.
Ingvill er utdanna ernæringsfysiolog, er knytt til prosjektet ”Sunn jenteidrett”, og vil på samlinga dele sin solide kompetanse på kosthald og trening.
Vi har andre spennande forelesarar på gang også. Desse får du meir kjennskap til når du får invitasjon og program for samlinga i september.
Til dess: Set av datoen!
Målgruppe for samlinga er dei klubbane/miljøa som deltek i prosjektet -TOPP- idrettsutvikling
for ungdom 16-19 år og elles trenarar, leiarar og aktive frå organisasjonsledda i idretten og alle andre idrettsengasjerte i fylket.
Arrangørar:
Sogn og Fj . Idrettskrins og Idrettssenteret/Prosjektet - TOPP - idrettsutvikling
med støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Suksessformelen!
Hente impulsar og læring på tvers av
særidrettar, interesse, miljø og fagfelt.
Med venleg helsing
Ingar Breilid
Plan- og utd.leiar
Sogn og Fjordane Idrettskrins
tlf. 57761212 -41900134
www.idrettskrinsen.no