Du er her: Skip Navigation LinksNGTF > Nyheter
 

Vellykket kurs i Sogndal 

10.02.2010  Utskriftsvennlig visning
Tips en venn Gill Helen Johannessen 

Moro på turnkurs! "Dette var utruleg moro og lærerikt" sa 14 år gamle Lene Veum etter hjelpetrenarkurset i turn laurdag 9. januar.

Saman med i alt 22 trenarar og turnarar frå Eid, Lærdal og Sogndal fullførte ho Noregs Gymnastikk- og Turnforbund sitt hjelpetrenarkurs.

Sogn og Fjordane Gymnastikk- og Turnkrets arrangerte kurset saman med Sogndal IL Turn. Hjelpetrenarkurset er eit heilt nytt kurskonsept frå Noregs Gymnastikk- og Turnforbund.

Harald Mjøs og Johannes Laberg frå Øvre Årdal var dyktige og inspirerande kursleiarar.

Kurset inneheld både teori og praksis. Innhaldet i kurset gjekk på hjelpetrenarrolla, reglar for barneidrett, skadehandtering, idrettens barnerettar, matteturn med sikring og mottak, musikk og rytmeleikar, aktivitetar med småreidskap og stasjons- og apparatløyper.

Dei 22 deltakarane frå 13-45 år gav gode tilbakemeldingar til kurshaldarane.

 
Idrettsbutikken på nett
Gode inntekter til laget!

© 2008 Norges gymnastikk- og turnforbund